«Fjellam frå Ryfylke» – første med BB fra Ryfylke

Publisert: 03 juli 2024

«Dette er ein historisk milepæl! Eg er stolt over å kunngjere at Fjellam frå Ryfylke no har status som Beskytta geografisk nemning. Det er første gong eit produkt frå Ryfylke får denne anerkjenninga», sa landbruks- og matminister Pollestad under opninga av Gladmatfestivalen i Stavanger.

Tildelinga av Beskytta geografisk nemning til Fjellam frå Ryfylke skjedde på opninga av Gladmatfestivalen i Stavanger onsdag 26. juni. F.v. Nina Sundqvist frå Stiftelsen Norsk Mat, landbruks- og matminister Geri Pollestad, Åshild F. Øye, Ingvild Hovind, Magnar Østerhus og Anne Skartveit – alle fra Fjellam frå Ryfylke.

«Dette er òg ein stolt dag for Ryfylke. Dette stadfestar den unike og lange historia og den flotte kvaliteten på lammekjøtet som kjem frå desse fjellområda. Fjellam frå Ryfylke er eit bevis på kva svært godt arbeid over lang tid og naturens gåver kan skapa saman», heldt statsråd Pollestad fram.