Gamalost frå Vik
Kva er Gamalost frå Vik?
Gamalost frå Vik er ein del av vår nasjonale matkulturarv. Han har røter tilbake til vikingtida og kan brukast til meir enn du trur! Dette er ein norsk tradisjonsost i verdsklasse.
Gamalosten er ein ost som verkeleg skil seg ut frå mengda med ein karakteristisk smak som ikkje liknar på nokon annan ost. Han har særeigne, skarpe og aromatiske smakar som gjer han heilt unik. Dette er eit resultat av ein unik norsk produksjonsprosess. Osten har dessutan gjort seg bemerka på den internasjonale ostescena, der han vart heidra med ein bronsemedalje under Oste-VM i 2018.
Krav til Gamalost frå Vik
- Gamalost frå Vik skal produserast i Vik kommune.
- All mjølk skal kunne sporast tilbake til den enkelte produsenten.
- Denne sterke tilknytinga mellom stad, tradisjon og smak gjer at Gamalost frå Vik kvalifiserer til ei Beskytta geografisk nemning.
- Trass i namnet er Gamalost frå Vik ein av dei yngste ostane du finn i ostedisken – osten går frå skumma mjølk til gamalost på berre fjorten dagar.
Smaken av Gamalost frå Vik – Ei særeigen oppleving
Gamalost frå Vik er ein surmjølksost med høg næringsverdi. Han inneheld lite feitt og er full av protein og kalsium. Dette er eit saltfattig og reint naturprodukt av høg kvalitet, laga av skumma mjølk. Produksjonsprosessen er unik og blir nøye overvakt for å sikre at kvaliteten og den kraftige smaken er i tråd med den norske tradisjonen.
Serveringstips og tilbehør til gamalost
Gamalost frå Vik er ein flott måte å utforske Noregs kulinariske arv på, og det finst mange måtar å nyte denne osten. Han passar utmerkt på brød eller knekkebrød, eller som ein ingrediens i salatar og dressingar. Uansett korleis du vel å nyte han, kan du gle deg over å smake på ein del av Noregs stolte vikinghistorie og kulturelle arv.
Kva med å prøve Gamalost frå Vik på dumplings?
Er gamalosten gamal?
Nei, Gamalost er faktisk ikkje gamal. Osten har fått namnet fordi han ser gamal ut lenge før han er moden. Han er modna med ein spesiell type mugg, kalla kulemugg på norsk. Dette gir osten sin unike og kraftige smak.
Gamalost frå Vik: Røtter i vikingtida
Gamalost frå Vik gir deg ikkje berre ei unik smaksoppleving. Det er ei smaksreise gjennom historia, heilt tilbake til vikingtida. I vikingtida vart det laga ein surmjølksost som truleg er storebroren til gamalosten.
Heilt sidan 1700-talet har osten vore ein kjenning blant norske ostar. Frå gammalt av vart det meste av denne osten ysta på stølane, men på 1800-talet vart det starta fleire meieri som produserte gamalost.
Produksjon av gamalost krever erfaring og håndlag. Spesielt avgjerande i produksjonsprosessen er påføringa av muggsporer på kvar enkelt ost. Samt kunnskap om når og korleis muggmycelet skal strykast ned i osten. Meieriet i Vik har gjennom ein over 100 år lang tradisjon med produksjon av gamalost opparbeida seg, og ført vidare slik kunnskap.
-
Forskrift om vern av Gamalost frå Vik Fra Lovdata
-
Oppskrifter med Gamalost Her finner du ulike oppskrifter fra Gamalostlaget
Produsentsamanslutning
-
Kontaktperson
Kjersti Sætre
-
Telefon
-
E-post
-
Adresse
Tine Meieriet Vest BA, Postboks 6030 Postterminalen, 5892 Bergen