Hardangerplommer

Plommer frå Hardanger har ein eksepsjonell balanse mellom friskheit og sødme – ei smaksoppleving forankra i hundreår med kunnskap og tradisjon.

Når du tek ein bit av ei Hardangerplomme, smakar du ikkje berre ei frukt, men òg ein bit historie og tradisjon. Gjennom generasjonar har fruktbøndene i Hardanger perfeksjonert sitt handverk og overlevert si kunnskap om sort, vekststad og kvalitet, slik at du kan nyte «plomma på verket».

Kva er spesielt med plommer frå Hardanger?

  • Sortar: Hardangerplommer omfattar plommer frå sortane Avalon, Edda, Excalibur, Jubileum, Mallard, Opal, Reeves og Victoria.
  • Geografisk område: Plommene skal dyrkast, sorterast og pakkast i Hardanger, som omfattar kommunane Jondal, Kvam, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Odda.
  • Beskytta geografisk nemning: Samanhengen mellom stad, smak og sort er grundig dokumentert, og produktnamnet «Hardangerplommer» kan berre brukast på plommer som kjem frå dette området.

Det perfekte plommeklima

Hardanger sitt klima og jordsmonn er ideelt for dyrking av plommer, og gir fruktene sine unike eigenskapar. Kalde vintrar sikrar rik bløming kvart år, medan klimaet og mykje lys i vekstsesongen resulterar i plommer med ein frisk og syreleg smak.

Sommaren i Hardanger er både varm og solrik, noko som sikrar at plommene òg blir søte på smak. Denne harmoniske balansen mellom syre og sukker er karakteristisk for plommene som blir dyrka i Hardanger.

Å ete plommer frå Hardanger er like godt for deg som å plukke dei! Her er ei oppskrift frå matmagasinet Appetitt du kan prøve: Karamellisert brioche med plommer og is.

Plommedyrking av ypparste klasse

Historia om plommedyrking i Hardanger går tilbake til 1300-talet, då engelske munkar busette seg i Ullensvang. Desse lidenskapelege hageentusiastane brakte med seg kunsten å dyrke plommer, og deira innverknad satte sitt preg på regionen.

Dessverre blei munkane fordrevne under reformasjonen på 1530-talet, og med dei forsvann òg kunsten å pode. I rundt 250 år dyrka bøndene tradisjonelle frøplommer før dei lærte seg podingskunsten. Det var primært «skulelærde menn» som stod bak introduksjonen og spreiinga av nye plommesortar, og det var sorenskrivar Koren i Ullensvang som i 1799 planta dei første reineclaudeplommene. Etter dette skaut plommedyrkinga fart i Hardanger.

Eivor Eriksen/Matmerk

Plommer frå Hardanger: Smak og ernæring

Klimaet og jordsmonnet i Hardanger gir plommene spesielle eigenskapar. Kalde vintrar sikrar rik bløming kvart år, medan det kjølige klimaet og mykje lys i vekstsesongen gir frukta ein frisk og syreleg smak. Plommene har eit høgt innhald av smakskarakteristiske fruktsyrer og er rike på askorbinsyre (C-vitamin).

Plommer frå Hardanger er ikkje berre ein smaksoppleving, men òg eit sunt og næringsrikt val.

Hardangerplommer er ikkje berre frukt – dei er ein del av norsk kulturarv og eit resultat av generasjonar med dedikasjon og kunnskap. Med sitt unike klima og jordsmonn, samt dei mange sortane som dyrkast i Hardanger, gir desse plommene ein smak som er både frisk og søt – ein perfekt balanse.

Produsentsammenslutning

Mer om norsk mat og drikke

Se alle godkjente produkter