Sider frå Hardanger
Sider frå Hardanger er meir enn berre ei drikke – det er eit stykke norsk kulturarv, eit produkt av det unike klimaet i Hardanger, og eit symbol på regionens lidenskap for epledyrking.
Kva er Sider frå Hardanger?
Sider frå Hardanger er kjend for sin distinkte og rike smak, som reflekterer det spesielle regionen i Hardanger. Varme og solfylte somrar sikrar gode vekstvilkår for epleråstoffet. Dei kjølege nettene om hausten aukar sukkerinnhaldet rett før innhausting. Den gode balansen mellom syre- og sukkerinnhald er eit sikkert teikn på at det er epler frå Hardanger.
Produksjonen av Sider frå Hardanger
- Sider frå Hardanger er kjend for sin distinkte og rike smak, som reflekterer det spesielle terroiret i Hardanger.
- Produksjon av eple, pressing, gjæring og lagring av Sider frå Hardanger skal skje i Hardanger, som omfattar kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ulvik og Ullensvang.
- Smak, landskap og menneske heng så tett saman at Sider frå Hardanger har fått ei Beskytta geografisk nemning.
Eple for gudinner
Idunns eple gav gudane evig ungdom. Det kan ikkje Hardangers eplebønder love. Derimot lar dei deg setje tennene i dei mest smaksrike epla og gir deg nasjonalromantikk på flaske.
Sider frå Hardanger kan nytast som den er, og er ein utmerka erstatning for alle typar importert musserande vin. Den er frisk, ofte tørr og har ein tydeleg og delikat eplesmak.
Prøv å dampe blåskjell i Sider frå Hardanger, eller kva med røkt kolje og blåskjell med sidersaus? Oppskriftene finn du hos matmagasinet Appetitt.
Eple med fleire sider
Det er lange tradisjonar for produksjon av sider i Hardanger. Epleproduksjonen i området har ein stolt historie som strekkjer seg gjennom århundre. Det gjer Sider frå Hardanger til ein viktig del av norsk kulturarv. Siderproduksjon har vore ein del av områdets tradisjonar sidan tidleg 1900-tal. Sider frå Hardanger er det første og einaste alkoholholdige produktet som er tildelt Beskytta geografisk nemning.
Beskytta geografisk nemning
Sider frå Hardanger har status som ei «Beskytta geografisk nemning» i Noreg. Dette inneber at berre sider produsert i Hardanger med epler frå same region kan bruke namnet «Sider frå Hardanger». Denne beskyttelsen er gitt for å anerkjenna og bevare dei unike kvalitetane og tradisjonane knytt til siderproduksjon i Hardanger. Dette garanterer også kvaliteten på produktet og gir forbrukarane tryggleik om opphavet til sideren.
Historisk epledrikk
Siderproduksjon har ei lang historie i Hardanger, datert heilt tilbake til 1100-talet. Mange familiar har arva kunnskap og teknikkar for å lage den perfekte sideren i generasjonar. Som eit resultat av dette er det no over 20 godkjente siderprodusentar i regionen.
Produsentane kan velje mellom tre alkoholklassar der lågaste alkoholprosent er 3 og høgste er 12. Dei ulike klassane har ulike krav til sukkerinnhald. Sider frå Hardanger klassifiserast som tørr, medium eller søt.
I dag finn du eigne hyller med Sider frå Hardanger i Vinmonopolet sine butikkar. Også i daglegvarehandelen kan du finne sider med garantert opphav frå Hardanger. Sjå etter merket når du handlar, så veit du at du får ekte vare!
-
Forskrift om vern av Sider frå Hardanger Tekst hos Lovdata
-
Oversikt over produsentar I Hardanger er det om lag 25 siderprodusenter
Produsentsamanslutning
-
Kontaktperson
Anna Gursli Langesæter, Hardanger Siderprodusentlag
-
Telefon
-
E-post
-
Adresse
Ullensvangvegen 1005, 5781 Lofthus
-
Webside
-
Social media
Engelske munkar har fått æra for å ha teke med seg kunnskapen om fruktproduksjon til Hardanger rundt år 1300. Når det gjeld pressing av eple til eplejuice, kan det dokumenterast ein tradisjon i Hardanger tilbake til slutten av 1700-talet. I 1818 skreiv prost Niels Hertzberg om hardangerbonden Knut Jåstad (f. 1744) at «han lærte sine Sambygdinger at gjøre sig nytte av de vilde Skovæplers saft. Han gjorde sig hertil presser med sterke Jernskruer og solgte Saften i Bergen». Truleg var også kunnskapen om korleis ein lagar sider av eplejuice, allereie kjend i distriktet.