Hardangerplommer

Hardangerplommer

VestlandetGeografisk

Produsentsammenslutning

Plommer frå Hardanger har ein eksepsjonell balanse mellom friskheit og sødme – ei smaksoppleving forankra i hundreår med kunnskap og tradisjon.

Når du tek ein bit av ei Hardangerplomme, smakar du ikkje berre ei frukt, men òg ein bit historie og tradisjon. Gjennom generasjonar har fruktbøndene i Hardanger perfeksjonert sitt handverk og overlevert si kunnskap om sort, vekststad og kvalitet, slik at du kan nyte «plomma på verket».

  • Hardangerplommer er ein beskytta geografisk merking, og omfattar plommer frå sortane Avalon, Edda, Excalibur, Jubileum, Mallard, Opal, Reeves og Victoria.
  • Hardangerplommer skal dyrkast, sorterast og pakkast i Hardanger, som omfattar kommunane Jondal, Kvam, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Odda.
  • Samanhengen mellom stad, smak og sort er grundig dokumentert og produktnamnet «Hardangerplommer» kan berre brukast på plommer som kjem akkurat herfrå.

Det perfekte plommeklima

Hardanger sitt klima og jordsmonn er ideelt for dyrking av plommer, og gir fruktene sine unike eigenskapar. Kalde vintrar sikrar rik bløming kvart år, medan klimaet og mykje lys i vekstsesongen resulterar i plommer med ein frisk og syreleg smak.

Det varme og solrike klimaet om sommaren sikrar at plommene òg blir søte på smak. Denne harmoniske balansen mellom syre og sukker er karakteristisk for plommene som blir dyrka i Hardanger.

Å ete plommer frå Hardanger er like godt for deg som å plukke dei! Her er ei oppskrift frå matmagasinet Appetitt du kan prøve: Karamellisert brioche med plommer og is.

Plommedyrking av ypparste klasse

Historia om plommedyrking i Hardanger går tilbake til 1300-talet, då engelske munkar busette seg i Ullensvang. Desse lidenskapelege hageentusiastane brakte med seg kunsten å dyrke plommer, og deira innverknad satte sitt preg på regionen.

Dessverre blei munkane fordrevne under reformasjonen på 1530-talet, og med dei forsvann òg kunsten å pode. I rundt 250 år dyrka bøndene tradisjonelle frøplommer før dei lærte seg podingskunsten. Det var primært «skulelærde menn» som stod bak introduksjonen og spreiinga av nye plommesortar, og det var sorenskrivar Koren i Ullensvang som i 1799 planta dei første reineclaudeplommene. Plommedyrkinga skaut deretter fart.

Eivor Eriksen/Matmerk

I dag er Ullensvang ein av stadene det vert dyrka mest plommer av høg kvalitet i Noreg.

Klimaet og jordsmonnet i Hardanger er godt eigna for dyrking av plommer, og gir plommene spesielle eigenskapar. Kalde vintrar sikrar rik bløming kvart år. Kjølig klima og mykje lys i vekstsesongen gir plommene ein frisk og syreleg smak på grunn av høgt innhald av smakskarakteristiske fruktsyrer. Plommene har eit høgt innhald av askorbinsyre (C-vitamin). Les meir om dette her.

Mer om norsk mat og drikke